Fredag 6. juli - Søndag 29. juli

Sommersamling Øyvokterne

Då inviterer Øyvokterne til sommereventyret 2018. Taket på Løa skal byttes og vi trenger deg til å få dette til.
Vi trenger folk i heile perioden, så kan du ei helg eller to, kvar tysdag eller kva som passer deg er du hjarteleg velkommen til å gjere ein innsats.
Vi har mange jobbar som trengs å gjerast og vi treng ikkje berre dei som jobber på taket, men også folk til å ordne mat og anna støtte stabsarbeid.
Dette blir ei litt spesiell øyvoktersamling og derfor er merker under utarbeidelse. Dei som blir med mykje vil få ekstra merker som takk for evis på den innsatsen dei legg ned.
Som vanleg vil vi satse på god mat, godt humør, små feiringer og samhold.

Vi håper folk kan melde seg på så fort som muleg, blir det for få så avlyses prosjektet. Vi er heilt avhengig av å bli ferdig når vi begynner. Det er betre at du melder deg på to gongar om nokre dagar er usikkre no. Sånn at første påmelding er dei sikre dagane og så kan du melde deg på igjen med dei ekstra dagane du har funne ut at du kan litt seinare.
Påmeldingsskjema legger opp til at du kan vere med fleire periodar.
Påmeldingsfrist 7. juni.

Reise:
Oppmøte blir i Øystese småbåthavn (Evjo busstopp), siden deltakere denne gongen kommer ganske forskjellig kommer vi ikkje med forslag her, men skriv i påmeldingen om du treng hjelp. Vi i styret vil prøve å ordne samkjøring, og gjerne reduserer båtturer til Øystese ved å samkoordinere dere som tar buss. Dette fordi det tar mykje tid, som vi kan bruke på å bygge tak. Men slapp av vi tar kontakt og finner ei løysing.
Som vanleg dekker Hordaland Krins reise utgifter innen Hordaland fylke.

Sosialt og hygge.
Samlingen vil ikkje berre vere arbeid 24 timer i døgnet, det vil vere friperiodar kvar dag. Så mulighetane til å nyte ein summar ved fjorden i Hardanger er absolutt til stades. Ta gjerne med fiskestang, badetøy, hekletøy eller noko anna du liker å gjere på.
Nokon deltakarar truger med å ha bursdag undervegs, samt at fleire delmål skal feirast. Vi vel difor å ha dessert fleire gongar og andre feiringar. Derfor treng dere Speiderskjorte eller tilsvarande festdrakt til slike ting.
Det vil bli muligheter til å bestille ting, som bamsemums; chips; brus; osv, når vi handler maten undervegs. Så husk pengar til dette, meir info vil komme.

Pakkeliste.
Speiderskjorte
Arbeidstøy.
Arbeidshandsker
Regntøy
Varmt tøy (våte kveldar kan bli kalde)
Skift
Undertøysskift (er ikkje bare ei helg dette)
Handkle
Toalettsaker
Gode sko (gjerne til finvær og storm)
Redningsvest (om du har)
Badetøy
Leirbålskappe
Sovepose
Kose bamse
God bok
Husk at du må sjølv tilpassa kor mange dagar du skal vere der. Det er muligheter for klesvask, men det er på gamlemetoden så dei fleste vil nok ha det lettast med mykje skift.

Det er madrassar til dei som vil sove inne.
Vil du tilbringe nettene i hengekøye, telt, åpen himmel og virkeleg nyte Hardanger sommaren. Så må du i utgangspunktet ha med det du treng til dette sjølv, men det er muligheter for å få låne Lavvu.

Påmelding innen 7. juni

Annonse
Vannkanten bingo