Grevling i taket, tysker i kjelleren

Av: Jens Kleiven. Opprettet: 25/08-10 kl. 10.04.
Sist oppdatert: 25/08-10 kl. 10.05.

Knudsen og Ludvigsen hadde ein sang om at dei hadde ein grevling i taket. Sikkert gjevt og fint det, men Speidersenteret har hatt tyskere i kjelleren, og det var løye det og.

Det hele starta mandag då Speidersenteret fekk ein telefon frå eit tyskt nummer. Skeptisk til om dette kunne vere ein av dei velkjente mobilsvindlane tok vi telefonen og var klare til å legge raskt på. Det slapp vi derimor. I den andre enden var det nemleg ei bli speiderjente frå Nurnberg i Tyskland som sa dei var ei gruppe på 16 tyske rovere og lurte på om det var ei gruppe i Bergen som ville komme i kontakt med dei.

Dette tenkte vi at ikkje kom til å bli nokke problem, sidan speidergruppene i Hordaland er gjevnt over særs hjelpsomme, og spurte når dei kom til Norge og Bergen. Svaret satt oss litt tilbake, tyskerne sto alt på Gol og kom til Bergen samme dag. Det vart sendt ut mail til alle gruppene samme dag, men det viste seg å bli vanskelig å få til noko første natta. I mellomtida fekk dei ha sekkane sine i kjellaren, og første dag med tyskere i kjellaren var dermed igang. Louise fekk ein lys ide om å innkvartere dei på Fløyen, og utan vidare tanke vart dei sendt opp til Skomakerdiket der dei tilbrakte første natta.

Friske og fine, om enn litt trøtte, kom dei ned til speidersenteret tirsdag morgen. Då hadde vi fått svar på mail frå blant anna 1. Øystese som kunne tilby dei hytta si til å sove i. Det var diverre ikkje råd å få tak i Øystese slik at tyskerne kunne komme avgårde same dag, så dei vart ein dag til i Bergen. Igjen var sekker sett ned i kjellaren, og dag to med tyskere i kjellaren var igang. For overnatting stilte Bergen 1. FA sine lokaler til disposisjon, og dermed fekk tyskerne overnatte i Frelsesarmeen i Strømmgaten, noko dei satt stor pris på.

I dag, onsdag, forlater dei Bergen i retning mot Øystese og Kvamskogen, men fram til bussen går innover i fylket har dei fått lov å sette sekkane sine her i kjellaren. Så totalt har det dermed blitt tre dagar med tyskare i kjellaren. Ikkje veit eg om det er betre eller gjevare enn ein grevling, men det har vert interresant å sjå speidare frå eit anna lang og korleis dei velger å dra på tur.