Sommeren som aldri kom

Av: Jens Kleiven. Opprettet: 06/09-10 kl. 09.13.
Sist oppdatert: 06/09-10 kl. 09.15.

I god Dagbladet/VG stil har eg vald ei overskrift som ikkje har noko som helst med innhodet i artikkelen å gjere. Denne artikkelen handlar rett og slett ikkje om sommaren, men noko som er mykje viktigare.

Det eg ville skrive om var deling av opplevingar. Dette er ei oppfordring til alle dei grupper som er der ute og som har heimesider. Når dokke har verte på tur, hatt eit arrangemang, verrt på kurs, kort sagt gjort noko dokke har vald å legge ut på heimesida dokkes. Send ein mail til meg så kan eg linke videre fra denne sida til artikkelen.

Det er ikkje snakk om mykje arbeid, berre ein ekstra mail med url. På den måten kan ein lettare sjå kva grupper i kretsen tar seg til, og ein kan kanskje få gode idear til eiga gruppe.