Ledersamling 19.10

Av: Jens Kleiven. Opprettet: 20/01-12 kl. 14.28.
Sist oppdatert: 20/01-12 kl. 14.31.

Torsdag 19.01 var del Gruppeledersamling på speidersenteret. For å få fleire innspill vart også enhetslederne frå gruppene invitert.

Ledermøte er ein arena der ledere i krinsen kan komme saman og diskutere forskjellige ting i krinsen. Tema for møte denne gang var ledertrening. Krinsleiar holdt eit innlegg om ledertrening i krinsen, og Jens Ivar Kleiven fortalde litt om korleis ledertreninga i dag er bygd opp, og kva endringar NSF ser for seg i næraste framtid.

Etter dette vart diskusjonen slept laus, der ein mellom anna var innom korleis ein skulle få fleire ledertrenere, korleis ein skulle få holdt fleire kurs og kva kurs som var interessante for gruppene i krinsen.

Frå diskusjonen kan desse punkta nemnast meir konkret:

Elful

Involvere gruppene meir i kurset, kan gjøras ved:

-          Informasjonsmøte med deltagere, gruppe/enhetsleder i forkant av kurset

-          Heime oppgåver i samarbeid med gruppene

o   Planlegge terminliste

o   Ha hovudansvar for planlegging og gjennomføring av et eller fleire møter.

-          Betre kommunikasjon om progresjonen i kurset  og oppgåver som gis til deltagerne

Forslag til Kurs

-          Kano kurs

-          Kart, kompass og gps

-          Hyperbole paraboloider

-          Jungelbok som metode

På heimesida

Legge ut informasjon på heimesida om at krinsen ønskjer å få tilbakemelding på kva kurs som gruppene trenger. Og at vi ønskjer at alle gruppene i kretsen gir en tilbakemelding på om de har noen som kunne tenke seg å være med å holde for eksempel eit kurs i året. Og kva de eventuelt kunne tenkt seg å holde kurs om.

Diskusjonen var givande og god og derfor noko som vi ser fram til også ved neste samling. Det kom mange tilbakemeldingar frå dei frammøtte om at det hadde vore ei fin samling, og at dette var noko vi måtte ta med oss vidare og få fleire til å delta på slik at vi kan få med fleire stemmer i diskusjonane.